Ottar Grepstad (red): Berge Furre - Sant og uvisst - Artiklar, foredrag og preiker

PrisNOK150,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktanmeldelser (0)

Respektert. Utskjelt. Beundra. Etterforska. Like sidan midten av 50-åra har Berge Furre vore eit skrivande og talande menneske. Hevda synspunkt som ikkje passa seg. Stilt spørsmål ingen makthaver ønskte å svare på. Forma ut løysingar som etter kvart vann tilslutning. Den som les denne boka, forstår kva integritet er. Berge Furre ferdast i svært ulike miljø. Difor kan ingen få med seg alt han skriv eller tala om. Dette fyldige utvalet av dei beste foredraga, artiklane og preikene hans gir deg høve til å bli betre kjend med denne sentrale forfattaren i norsk samtid. Her er harmdirrande fredsappellar og avslørande politiske aktstykke, prestens lysande tale og historikarens klare linjer. Men også poengterte sitat, dagboknotat og små reiseskildringar der forfattaren viser seg frå ei anna side. I ein nyskriven artikkel, prega av den aktuelle politiske situasjonen, gjer Berge Furre opp sitt bu. Med nytt blikk drødtar han ope si eiga fortid og kva sosialisme tyder i dag og i morgon: «Framtida let seg ikkje fanga med kastenot. Framtida blir aldri som ho var.» Og i eit tankevekkjande etterord får Ottar Grepstad fram dei ukjente linjene i Berge Furres skrive- og talekunst.

Forfatter: Ottar Grepstad (red), Berge Furre
Forlag: Det Norske Samlaget
ISBN: 82-521-4989-8
Format: Innbundet med smussomslag
Utgivelsesår: 1997
Opplag: 1
Språk: Nynorsk
Sideantall: 277
Tilstand: Pent brukt

Skriv en produktanmeldelse og del dine erfaringer med dette produktet med andre kunder.