Ragnar Ulstein legg her fram ei dokumentarisk skildring frå den andre verdskrigen. På grunnlag av intervju med nordmenn og tyske soldatar, militære rapportar og offentlege dokument viser Ulstein med denne boka korleis eit mindre samfunn — Giske på Sunnmøre — tok del i storkrigen. Vel 120 menneske frå dei fire øyane i kommunen var gjennom fem år med i kampane på så mange frontar, på land og hav, heime og ute. Forfattaren let oss bli godt kjende med fleire av desse personane, og han fører oss innom okkupasjonsstyrkane på Giske og Vigra i skildringa av samkvemmet mellom nordmenn og tyske soldatar der. Ut av det mylderet av hendingar som ligg til grunn for denne framstillinga, har forfattaren og historikaren Ragnar Ulstein skrive eit storverk som med sine gripande og nærgåande skildringar får lesaren til å skjøne meir av tilhøvet mellom det nære og vesle og det fjerne og store i krigsdramaet. Ragnar Leif Ulstein (1920–2019) var ein norsk journalist, sakprosaforfattar og statsstipendiat, kjent for fleire bøker om norsk deltaking i den andre verdskrigen. Under krigen var han løytnant i Kompani Linge.
Forfatter: Ragnar Ulstein
Forlag: Det Norske Samlaget
ISBN: 82-521-1841-0
Format: Innbundet med smussomslag
Utgivelsesår: 1981
Opplag: 1
Språk: Nynorsk
Sideantall: 321
Tilstand: Pent brukt