Leif Høghaug: Jonas Gahr Støre - Eit dikt

PrisNOK329,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktanmeldelser (0)

Jonas Gahr Støre - Eit dikt er eit draumkvæde, ein visjon om rolla diktinga spelar i ei visjonslaus tid. Dette er ei bok om ein av dei viktigaste politiske aktørane i den norske samtida. Gløym biletet media har skapa av den politiske hovdingen, statsmannen. Og les kva diktinga kan seia om verda me lever i. I denne boka vert Jonas Gahr Støre kasta ut i eit allegorisk hav. Havet er sjølv ein karakter, ei flytande spegelflate som viser andlet og talar om openberre prov på krisa, som ekstremvêr, trumpisme og fråvære av venstreradikale rørsler med klåre visjonar om ei betre framtid. Og i dette havets vald vert Støre forvandla til både heltemodig storsymjar og duppande flaskepost, til både Odyssevs og Jonas i kvalfiskens buk. Men Støre er ikkje den einaste som kjem til syne på den speglande havoverflata. Også kvilelause attergangarar flyt ikring. Ei av desse røystene frå fortida er den flygande hollendaren, ei anna han Ola Hansebergknatten. Med denne boka gjev Leif Høghaug eit bidrag til den norske samtidslyrikken som det er vanskeleg å halda seg likegyldig til. Sjølv kallar han boka «ein drope i havet» – men som kjent kan ein drope vera nok til å endra eit heilskapsinntrykk, og han meiner at diktinga må insistera på at den språklege framstillinga av politikkens sanning ikkje eine og åleine er ei sak for the usual suspects, som politikarane sjølve, journalistar og ymse kommentatorar. Kanskje er det nettopp gjennom diktarspråket me kan dana grunnlaget for ein ny og framtidsretta samtale. Leif Høghaug (1974-) er utdanna litteraturvitar. Han har undervist ved Universitetet i Oslo og Forfattarstudiet i Bø i Telemark og skrive bokmeldingar og essay for ei rekkje aviser og tidsskrift. I åra 2010– 2015 arbeidde han som redaktør i Bokvennen Forlag. Høghaug er også omsetjar og har mellom anna omsett bøker av Julian T. Brolaski og Marx og Engels’ Det kommunistiske partis manifest til norsk.

Forfatter: Leif Høghaug
Forlag: Det Norske Samlaget
ISBN: 82-3401-467-3
Format: Innbundet med smussomslag
Utgivelsesår: 2025
Opplag: 1
Språk: Norsk bokmål
Sideantall: 121
Tilstand: Ny og ulest

Skriv en produktanmeldelse og del dine erfaringer med dette produktet med andre kunder.