Her kjem ei samling dikt som lenge har vore sakna i norsk bokheim: eit breitt utval av dikta Kristofer Uppdal skreiv i 1920-åra. Samlinga er redigert av Jan Erik Vold, som i etterordet legg fram nye opplysningar om livssoga til diktaren frå Trøndelag. Vold har fått tilgang til dokument som før ikkje har vore kjende. Ein ny figur stig ut av Uppdal-diktinga: «Heimlaus-Guden», han som miste alt. Her talar skalden med ei røyst vi ikkje har høyrt før. Åt songa tå stjernom opnar for ei ny forståing av den lyriske forfattarskapen til Uppdal, ved at vi får dikta frå dei katastrofale åra då diktaren var innesperra på sjukehus og familien gjekk i oppløysing. «Ein imot alle og alle imot meg» – slik summerer diktaren opp livet sitt, åtti år gamal, i eit intervju som innleier boka. I 2005 var det hundre år sidan Kristofer Uppdal debuterte. Dei fleste av dei etterlatne dikta har lege urørde i trekvart hundreår. Kristofer Uppdal (1878-1961) var ein norsk romanforfattar, lyrikar, essayist, kritikar og rallar. Han fekk først merksemd for det tibands romanverket Dansen gjenom skuggeheimen, som er ei tidleg skildring av framveksten til arbeidarrørsla på landsbygda og forvandlinga av Noreg frå jordbruks- til arbeidarsamfunn.
Forfatter: Kristofer Uppdal, Jan Erik Vold (utvalg, etterord)
Forlag: H. Aschehoug & Co (W. Nygaard)
ISBN: 82-03-19055-3
Format: Innbundet med smussomslag
Utgivelsesår: 2005
Opplag: 1
Språk: Norsk bokmål
Sideantall: 255
Tilstand: Som ny