Eit nytt og friskt innslag i norsk politisk litteratur var Jens Hauglands Dagbok frå Kongens råd frå 1986. Dagboka spente over eit tidsrom på ti år, 1956–65. Ho utløyste den livlegaste memoarfeiden i etterkrigstida og kom i seks opplag. Oppfølgjaren, Dagbok frå Løvebakken, handlar om perioden 1965–73, då EF-kampen kasta lange skuggar inn over Arbeidarpartiet. Også denne boka er svært personleg skriven. Ho vil støyte mange og more fleire. Men først og fremst er boka ei viktig kjelde for alle som interesserer seg for vår nære politiske historie. Dagboka gir også verdfulle innblikk i det internasjonale arbeidet som Jens Haugland stod midt oppe i: kampen mot juntaen i Hellas. I den kampen arbeidde han nært saman med Jens Evensen og Arne Treholt. Jens Haugland (1910–1991) var en norsk jurist, advokat og Arbeiderparti-politiker. Han var stortingsrepresentant for Vest-Agder i fem perioder 1954–1973, justisminister 1955–1963 og kommunalminister 1963–1965. Har register.
Forfatter: Jens Haugland
Forlag: Det Norske Samlaget / Bokklubben Nye Bøker
ISBN: 82-521-3082-8
Format: Innbundet med smussomslag
Utgivelsesår: 1988
Opplag: 1
Språk: Nynorsk
Sideantall: 158
Tilstand: Mindre bruksspor