Stormen om statsminister Per Borten frå midten av februar til midten av mars 1971: Aldri før har eit drama på topp-planet i norsk politikk kome heile folket så nær inn på livet. Gjennom radio og fjernsyn kunne vi følgje hendingane frå time til time. Faktisk vart ein del av regjeringskrisa utspela direkte i NRK. Sentralt i dette spelet stod programsekretær Herbjørn Sørebø, på post dag og natt i Stortinget, Regjeringsbygningen og Tostrupkjelleren. Få visste meir enn han om det som hende på scenen og bak kulissane. I denne boka gir han ei samla framstilling som har mange av kriminalromanens ytre trekk: ei sterk handling kombinert med analyse av hendingane. Først og fremst er dette ei dokumentarisk skildring av koalisjonens samanbrot, med alle dei viktigaste fråsegnene, vedtak, referat og reportasjar. Illustrert. Herbjørn Sørebø (1933–2003) var ein norsk journalist og forfattar som var tilsett i NRK i 37 år. Her var han mellom anna sjef for stortingsredaksjonen og sjef i Dagsrevyen. Han blir òg hugsa for dei mange kåseria sine i Søndagsrevyen.
Forfatter: Herbjørn Sørebø
Forlag: Det Norske Samlaget
ISBN: N/A
Format: Heftet
Utgivelsesår: 1971
Opplag: 1
Språk: Nynorsk
Sideantall: 119
Tilstand: Litt smuss på snittet, ellers pent brukt