Då Søren Jaabæk organiserte bondevenrørsla i 1865, løyse han ut ein brann — men ein brann som slokna temmeleg fort. Historikarane har sidan vurdert denne intense, kortvarige folkerørsla nokså ulikt. Men fleire har ønskjt å plassere bondevenrørsla som eit ledd i utviklinga frå Uelands kommunalisme til Sverdrups vidare demokratiske tanke. I vanlege folks medvit står Jaabæk gjerne som ein fanatisk representant for «Skillingskniberi» og «Listers Smaalighed» og for lite anna. Denne artikkelsamlinga er ein freistnad på å gje eit meir nyansert bilete av Jaabæk og bondevenene. Forfattarane drøftar det vanlege historiesynet og stiller kritiske spørsmål. Framfor alt vil artiklane frå ulike delar av landet der bondevenene stod sterkt, syne det mangslungne ved rørsla. Særleg interessant er det å sjå kor stor variasjon det kunne vere i medlemstilgangen når det galdt stilling og stand.
Forfatter: Dagfinn Slettan (red), Hans Try (red), diverse forfattere
Forlag: Det Norske Samlaget
ISBN: 82-521-0977-2
Format: Heftet
Utgivelsesår: 1979
Opplag: 1
Språk: Nynorsk
Sideantall: 195
Tilstand: Mindre bruksspor, enkelte markeringer med blå kulepenn