Alf Kjetil Igland: Truskap, rettferd - Ei bok om Magnhild Hagelia

PrisNOK400,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktanmeldelser (0)

Magnhild Hagelia (1904-1996) var frå Gjerstad, der ho i unge år var særs aktiv i ungdomslaga og ein forkjempar for fråhald og nynorsk. Ho var ein kulturberar av dei sjeldne. Frå 1935 kom ho med i Arbeidarpartiet, der ho snart fekk leiande verv lokalt og på fylkesplan. Som forsyningsleiar i heimkommunen under krigen synte ho store administrative evner og sette seg i respekt for sin klokskap og handlekraft. På stortinget 1950-1965 braut ho mange barrierar. Mest merksemd fekk ho i 1962 då ho som første kvinne leia eit møte i nasjonalforsamlinga, men ho var òg den første kvinna frå Agder på Stor­tinget. Ho kjempa for kvinners rettar og for at dei måtte engasjere seg i politikken. I tillegg til hjarte­sakene sine arbeidde ho mykje med bustadspørsmål, særleg for einslege kvinner. Hagelia var overtydd sosialdemokrat og trudde på eit samfunn med plass til og velferd for alle. Ho var djupt forankra i partiet, men sjølvstendig og røysta mot leiinga om ho fann det rett. Alf Kjetil Igland (1949) er utdannet journalist og filolog. Han har hatt stillinger og verv i mediebedrifter og akademia. Som pensjonist er han aktiv som forsker og sakprosaforfatter.

Forfatter: Alf Kjetil Igland
Forlag: Novus
ISBN: 82-8390-172-6
Format: Innbundet med smussomslag
Utgivelsesår: 2025
Opplag: 1
Språk: Nynorsk
Sideantall: 608
Tilstand: Ny og ulest

Skriv en produktanmeldelse og del dine erfaringer med dette produktet med andre kunder.