Tore Ørjasæter (1886-1968) reknast både som lyrikar og dramatikar som ein av våre fremste. Sentralt i heile forfattarskapen til Ørjasæter er korleis menneske vert dregne mellom motstridande krefter. Gjennombrotet som diktar kom med diktsyklusen Gudbrand Langleite, som kom i tre band og som må reknast som hovudverket til Ørjasæter. Fyrste delen kom i 1913, men syklusen vart ikkje slutta før 14 år seinare. Han rekna seg likevel ikkje som ferdig med verket, og etter nye 14 år kom diktsyklusen i ei samla og omarbeidd utgåve, der mellom anna slutten var heilt annleis: I den fyrste utgåva endar verket med at hovudpersonen døyr, medan han i den omarbeidde utgåva får leva. Parallelt med denne diktsyklusen arbeidde han med andre diktsamlingar. Av desse står Elvesong (1932) høgast. I denne boka møtest mange av dei sentrale linene og motiva i forfattarskapen hans, som kampen og lengten etter det harmoniske. «Ved den største striden vinn ein den største sigeren. Dette blir ein kjerne i sjølve den menneskelege eksistensen i Tore Ørjasæters diktning,» skriv Leif Mæhle i etterordet. Utvalet hentar dikt frå heile den rike poesiproduksjonen til Ørjasæter.
Forfatter: Tore Ørjasæter, Leif Mæhle (utval, etterord)
Forlag: Den Norske Bokklubben
ISBN: N/A
Format: Innbundet
Utgivelsesår: 1966
Opplag: 1
Språk: Nynorsk
Sideantall: 91
Tilstand: Pent brukt