Den delen av Finlands folk som har svensk morsmål er i dag berre 6 % av den samla befolkninga i landet. Etter at finsk vart eit skriftspråk har finlandssvenskane ofte hatt vanskar med å få overleve med sitt språk, som så vidt ein veit har like lange røter i landet som det finske. Denne «folkspillran» har skapt ein imponerande rik litteratur, der særleg lyrikken står sterkt. Det utvalet av finlandssvensk lyrikk her presenteres spenner over godt og vel 200 år. Somme av namna her vil vere kjende for norske lesarar, andre er nok meir ukjende. Men dikta vil ikkje kjennast framande. Om finlandssvensk lyrikk har sine lokale særdrag følgjer den og med i ei allmen-nordisk eller for den saks skuld ei internasjonal utvikling. Finland har ikkje vore nokon litterær avkrok, og det enda mindre i dag. Dette utvalet gir eit inntrykk av kor rik, vital og allsidig den finlandssvenske lyrikken har vore og framleis er.
Forfatter: Diverse forfattere, Halldis Moren Vesaas (utval, forord), Asbjørn Gimse (utval, forord)
Forlag: Den Norske Bokklubben
ISBN: 82-525-0272-5
Format: Innbundet
Utgivelsesår: 1978
Opplag: 1
Språk: Svensk, nynorsk
Sideantall: 96
Tilstand: Noe solbleket rygg, ellers pent brukt