Aslaug Vaa (1889-1965) var ein pioner innanfor den tidlege lyrikken på nynorsk. Ho skreiv dikt i både tradisjonell og modernistisk form, og fleire av dikta er blitt folkeeige. Dikta har ofte ei reflekterande form, samstundes som dei undersøkjer tanken som prosess og erkjenning. Ein sivilisasjonskritikk er innebygd i mange av tekstane, som reflekterer over korleis vi tenkjer etisk og menneskeleg, til beste for samfunnet, kulturen og sivilisasjonen. Poeten tek avstand frå den erkjenningsforma som favoriserer logisk og empirisk erkjenning åleine, og agiterer for ein rasjonalitet som byggjer på det sanselege og intuitive så vel som det faktiske. «Lyrikk er noko av det verste eg veit,» sa ho ein gong ho kjende seg plaga av ein ’lyrikkelskar’. Men endå om Aslaug Vaa også var ein fin dramatikar, omsetjar og essayist, så var det poesien som var sjølve grunntonen i tilværet hennar. Ho var alltid ein meister til å teikne ein situasjon med få strekar, særleg der ho let folkevisa ligge attom og synge med si frodige livskjensle.
Forfatter: Aslaug Vaa, Birgit Gjernes (utval)
Forlag: Den Norske Bokklubben
ISBN: 82-525-0277-6
Format: Innbundet
Utgivelsesår: 1977
Opplag: 1
Språk: Norsk bokmål
Sideantall: 95
Tilstand: Pent brukt