Robert Burns (1759–1796) var ein skotsk diktar, Skottlands nasjonaldiktar, og er kjend over heile verda for dikt som Auld Lang Syne, A Red, Red Rose og A Man's a Man for A' That. Han var òg ein av dei viktigaste stemmene for bruk av skotsk språk og dialektar. Den første diktsamlinga hans, Poems, Chiefly in the Scottish Dialect (1786), vakte stor merksemd, og i åra som følgde, nøyt han høg akting. Dei beste dikta hans er alle skrivne på skotsk dialekt; det var heimlandet sine ord og vendingar, folkeviser og songar, natur og menneske som gav han sterkast inspirasjon. Han spenner frå det lystige og humoristiske til det djupt kjenslefylte, ikkje minst i kjærleiksdikta sine. Emna henta han stort sett frå vanlege folk sitt arbeid, sorg og glede. Dei mektige og prektige fekk kjenne brodden i satiren hans. Slik er Burns ein i beste meining folkeleg diktar. Han framstår òg som noko av ein meister i form. «Alt som greip han, såg han i samanheng med menneskelivet som falda seg ut for auga hans. Nokre bøner han retta til Gud, er gripande fordi dei er eit ærlig oppgjer med eige misbrukt liv. Men når han elles kjem inn på religion og religiøse, er det helst med ironi og spott fordi han meinte å sjå at det dei oppnådde med si harde kyrkjetukt, var meir vondt enn godt. Dogme og læresetningar utan medkjensle og kjærleik hadde han ingenting til overs for,» skriv gjendiktar Hartvig Kiran i forordet.
Forfatter: Robert Burns, Hartvig Kiran (gjendiktnig, forord)
Forlag: Den Norske Bokklubben
ISBN: 82-525-0279-2
Format: Innbundet
Utgivelsesår: 1978
Opplag: 1
Språk: Norsk bokmål
Sideantall: 89
Tilstand: Pent brukt