Olav Rytter (red): Russisk poesi - Fra Igor-kvadet til Jevtusjenko

PrisNOK109,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktanmeldelser (0)

Når vi snakkar om russisk litteratur, er det fyrst og fremst den store og med rette vidgjetne russiske realistiske romankunsten som melder seg for tanken: Gogol, Turgenev, Gontsjarov, Tolstoj, Dostojevskij, Gorkij og Sjolokhov. Dramatikken melder seg med namn som Ostrovskij og Tsjekhov. Men den russiske lyrikken er mindre kjend enn han fortener. Her set sjølvsagt språket – og meir enn det, det poetiske språket – ei hindring. Alle som har prøvd å overføra dikt frå eit framandt til sitt eige mål, med det føremålet å gje lesarane i det minste tilnærma den opplevinga det har vore for omsetjaren å lesa originalen, vil vedgå at det er ei nær sagt umogleg oppgåve. Likevel – dei nordiske omsetjarane som har gjeve tilskot til denne antologien, vil truleg vera samde i at det er eit forsøk verdt. Og det som er viktigare: Den russiske poesien fortener eit slikt tiltak. Denne antologien byggjer på eit utval frå nordiske omsetjingar i ei lang rekkje publikasjonar og tidsskrift. Omsetjingane ved Helena Krag og Martin Nag har ikkje vore publiserte før. Det same gjeld ein god del av Olav Rytters omsetjingar.

Forfatter: Diverse forfattere, diverse gjendiktere, Olav Rytter (utval, forord)
Forlag: Den Norske Bokklubben
ISBN: N/A
Format: Innbundet
Utgivelsesår: 1966
Opplag: 1
Språk: Nynorsk, dansk, svensk
Sideantall: 95
Tilstand: Pent brukt

Skriv en produktanmeldelse og del dine erfaringer med dette produktet med andre kunder.