I 1965 blei Per Borten (1913–2005) statsminister i ei koalisjonsregjering av dei fire borgarlege partia som endeleg gjorde slutt på Arbeidarpartiet sitt styringshegemoni sidan 1945. Det var ein krevjande posisjon som Borten mellom anna brukte til å få innført offentleg innsyn i forvaltninga, til å sikre staten aksjemajoriteten i Norsk Hydro og til endeleg å få retta opp noko av den uretten som krigsseglarane hadde lidd etter andre verdskrigen. Men stillinga hans blei meir og meir umogleg etter kvart som spørsmålet om norsk medlemskap i EEC (nå EU) pressa seg på. Tittelen på denne boka, Staurberaren, viser til fråsegna frå Borten då han i mars 1971 gjekk av som statsminister: Å leie ei koalisjonsregjering av fire parti var som å bere staur. Regjeringa Borten gjekk av etter ei lekkasjesak som har vore omgitt av mystikk. I denne boka, som i tillegg til Berntsens kvalifikasjonar som historikar og forfattar bygger på inngåande samtaler med Borten sjølv og på grundig studium av det private arkivet hans, får vi biografien over ein av dei mest folke kjæ re politikarane i Norge i andre halvparten av 1900-talet, frå oppveksten på Borten-garden og den framgangsrike karrieren fram til avløysinga av Einar Gerhardsen som statsminister i 1965, til det dramatiske samanbrotet i 1971 og til ein meir og meir kritisk reflekterande alderdom – mellom anna når det galdt utanriks- og tryggingspolitiske spørsmål og spørsmålet om politisk overvaking og registrering. Har fotplansjar og register. Harald Berntsen (1945-) er magister i historie og forfatter av ei lang rekke bøker med emne fra arbeiderbevegelsens historie.
Forfatter: Harald Berntsen
Forlag: H. Aschehoug & Co (W. Nygaard)
ISBN: 82-03-22885-8
Format: Innbundet med smussomslag
Utgivelsesår: 2007
Opplag: 1
Språk: Nynorsk
Sideantall: 605
Tilstand: Pent brukt