Einar Førde (1943-2004) var ein av dei mest markante og fargerike politikarar i norsk etterkrigshistorie. Etter at han i 2001 gjekk av som kringkastingssjef, kunne han sleppe seg laus som spaltist i Bergens Tidende, og skreiv i tre år fast under vignetten «Einar på onsdag». Utgangspunkta veksla frå flatlus og pinnekjøt, bilgalskap og psykiatri, kommunistisk nostalgi og europeiske stammekrigar, til porno som daglegvare, kortskallane i Sogndalsfjæra, bifile parti og emosjonell inkontinens. Innimellom fekk han inn syrelege karakteristikkar av Hagen, Bush, Lenin, Bondevik og Erna Solberg. Med glimt i augo kunne han levere dei beiskaste karakteristikkar, men likevel nådelaus utleverande skreiv han om seg sjølv: Under tittelen «Eit tabuemne» fortalte han ope om sine eigne tankar og kjensler etter at han vart råka av kreft. Men heilt fram til nokre veker før han døydde veksla artiklane hans mellom sterkt politisk engasjement og humørfylte rapportar om mislukka krepsefiske i Sogn.
Forfatter: Einar Førde
Forlag: Det Norske Samlaget
ISBN: 82-521-6633-4
Format: Innbundet med smussomslag
Utgivelsesår: 2005
Opplag: 2
Språk: Nynorsk
Sideantall: 375
Tilstand: Friblad revet ut, ellers pent brukt